Skikompis

500,00 kr

Boka Skikompis formidlar livsviktig kunnskap om snøskred og trygg ferdsel til alle som er på ski i vinterfjellet, går toppturar eller driv frikjøring. Denne unike boka kom ut første gong i 2013, og forfattar Christer Lundberg Nes fekk Fjellskikkprisen av Norges Røde Kors Hjelpekorps for arbeidet.

Skikompis er bygd opp rundt ferdselsmønstre etter kor krevande terreng du går eller kjører i. Boka beskriv korleis tterrenget i vinterfjellet kan delast inn etter systemet kjent som KAST – klassifisering av skredterreng. Gjennom fem ulike ferdselsmønster som svarer til dei ulike terrengklassene i KAST, får du ei lettfatteleg, pedagogisk reise gjennom snøskredfaget.

Denne 4. utgåva er oppdatert med det siste innan fagfeltet fra inn- og utland. Innhaldet er i samsvar med KAST versjon 2. Boka vert brukt som pensum mellom anna i skredkursstigen til Norsk Fjellsportforum og på ulike friluftslivsutdanningar ved høgskolar og universitet.

Boka har mange gode illustrasjoner som saman med bilde gir deg svært mye informasjon om vær, snø, skredproblemer, ferdselsråd og kameratredning. Boka viser korleis praktiske hurtigtestar og observasjonar i terrenget heng saman med skredproblema i skredvarselet på varsom.no.

På lager

Produktnummer: 102503 Kategori: Stikkord:
Cookies settings
Friluftsbutikken cookies-innstillinger
×